Invitasjon

Du blir med dette invitert til å bli betre kjend med Lepramuséet, det vil seia
St. Jørgens Hospital, St. Jørgens Kirke og Lepramuséets urtehage.
Har du vore med på denne runden før, er det alltid hyggeleg med eit gjensyn. Har du ikkje vore på Lepramuséet tidlegare, er det sanneleg på tide!

Dag: onsdag 14. juni 2017. Tidspunkt: 12 – 16.

Vi startar med lett servering og sosialt samvær i Lepramuséets formidlingsrom. Så blir det omvising i hospitalet, kyrkja og urtehagen.

Utlegg: kr. 100 som dekker gruppebillett og servering. Personar med årskort i Bergen bymuseum betalar berre kr. 40.

Invitasjonen går ut til medlemmer av Norsk Farmasihistorisk Selskap og pensjonerte farmasøytar/apotekarar i Hordaland og Sogn og Fjordane, men samlinga er open for alle interesserte, så ta gjerne med nokon du kjenner som du veit vil ha interesse av besøket.

Det vil vera mogeleg å få informasjon om og å teikna medlemsskap i Norsk Farmasihistorisk Selskap som årleg har to møte med farmasihistoriske foredrag i Oslo. NFHS er òg utgjevar av det farmasihistoriske tidsskriftet Cygnus, som alle medlemmene får tilsendt.
Årleg medlemsavgift i NFHS er kr. 300.
Vårt ynske og håp er å kunna samla medlemmer og andre interesserte til møte i Bergen, iallfall på Vestlandet, minst to gonger årleg, slik at ikkje all aktivitet går føre seg i Oslo.

På grunn av serveringa, men òg på grunn av brannforskriftene treng vi påmelding.

Påmelding til Bjarne: bjarnethune@gmail.com, mobil: 916 09 208.

Påmeldingsfrist: måndag 12. juni.

Hjarteleg velkomen!

Med beste helsing Britt Nagelgaard og Bjarne Thune.

IMG_4207-kopi

Reklamer

Om Nina Aldin Thune

Cand phil. i kunsthistorie andre fag sosiologi og kulturvern/kulturformidling. Eier av Kunsthistorie.com
Dette innlegget ble publisert i Farmasihistorisk gruppe i Bergen, Møter. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s